Le Parc av Tangerine Dream
studioalbum av Tangerine Dream From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Le Parc er det 26. albumet og det 14. studioalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream, gjeve ut i mai 1985.
Remove ads
Historie
Le Parc var det siste albumet til Tangerine Dream med Johannes Schmoelling. Han slutta i bandet i oktober 1985.[2] Sjølv om Tangerine Dream hadde gjeve ut filmmusikkalbum tidlegare med kortare spor, var dette eit vendepunkt i karrieren deira, då dei lange instrumentalane var bytta ut med ni kortare spor. Det lengste sporet er berre så vidt over seks minutt. Edgar Froese sa i intervju med Jonathan Miller: «Tangerine Dream er som å puste - dei første 12-13 åra pusta me ut og det neste tiåret pusta me inn. Det enkle koneptet er innsida og utsida av verda. Det er meir komplisert når du går på innsida, men pusting tyder den naturlege sida ved å puste, det er innsida og ikkje rom-aktig. Det er ikkje makrokosmos, det er mikrokosmos.»[2] Bandet hadde med seg tre gjestemusikarar på albumet, inkludert Clare Torry, som song med Pink Floyd attende i 1973.
Kvart spor på albumet er inspirert av ein særskild park ein stad i verda. Tittelsporet «Le Parc» vart nytta som kjenningsmelodi for den kortvarige amerikanske fjernsynsserien Street Hawk. Det vart laga ein video for «Tiergarten». «Central Park» vart nytta som opningsmelodi i filmen Diamond Ninja Force regissert av Godfrey Ho.
Remove ads
Innhald
Medverkande
- Gjesteartistar
- Clare Torry – vokal på «Yellowstone Park»
- Katja Brauneis – vokal på «Zen Garden»
- Robert Kastler – trompet på «Bois de Boulogne»
- Christian Gstettner – programmering
- Steffan Hartmann – programmering
- Teknisk
- Monica Froese – design
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads