Lean on Me

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Lean on Me» er ein amerikansk gospelsong som vart skriven av Bill Withers i 1972. Han var med på albumet Still Bill og var utgjeven som singel 21. april same året. Songen har fått plass nummer 205 på Rolling Stone si liste over "dei 500 største songane nokonsinne".

Meir informasjon Låtskrivar(ar), Bill Withers-kronologi ...

Bill Withers voks opp i kolgruvebyen Slab Fork i Vest-Virginia. Då han som vaksen flytte til Los Angeles kom han til å sakna den sterke samhaldsetikken frå heimbyen, og det var dette som inspirerte han til å skriva «Lean on Me». Withers spelte han inn med hjelp frå medlemmene i Charles Wright & the Watts 103rd Street Rhythm Band.

Ei rekkje coverversjonar av «Lean on Me» har vorte gjevne ut. Han blir også ofte brukt i veldedige tiltak, t.d. på støttearrangementa etter jordskjelvet i Haiti 12. januar 2010. «Lean on Me» er også ein kjend song i Noreg, og har vorte føreslått som ein av dei nye salmane til Norsk salmebok 2013.[1]

Remove ads

Coverversjonar

  • Mud, frå plata Mudpack (1977). Utgjeven som singel 1976.
  • Club Nouveau, frå plata Life, Love & Pain (1987). Utgjeven som singel
  • dc Talk, frå plata Free at Last (1992).
  • Michael Bolton, frå plata The One Thing (1993). Utgjeven som singel 1994.
  • 2-4 Family, med på plata Family Business (1999). Utgjeven som singel.
  • Bonnie Tyler, frå plata Heart Strings (1999)
  • Anne Murray, frå plata What a Wonderful World (1999)
  • Al Jarreau, frå plata My Favorite Things (2005)

Kjelde

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads