Leftoverture
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Leftoverture er det fjerde studioalbumet til det amerikanske rockebandet Kansas, gjeve ut i 1976. Det var det første albumet til bandet som selte til gullplate og er til no det bestseljande albumet deira med over 5 millionar selte eksemplar i USA.[1]
Albumet kom ut med ommastra lyd i 2001.
Remove ads
Bakgrunn
Steve Walsh fekk skrivesperre før innspelinga av albumet, så bidraga hans er avgrensa til medlåtskrivar på tre songar. Kerry Livgren måtte derfor fylle resten av albumet.[2] Dei nye komposisjonane hadde mykje av den same kompleksiteten inspirert av klassisk musikk, som tidlegare songar av Livgren.[2] Kansas spelte inn albumet i Studio in the Country i Bogalusa i Louisiana. Studio in the Country fekk dette namnet fordi, som Livgren skildra i eit radioprogram, «det låg midt ein sump. Når me gjekk ut døra i studio låg det alligatorar der, med mygg på storleik av B-52-fly og stundom beltedyr som sprang inn i kontrollrommet.»[3]
Leftoverture opnar med songen «Carry On Wayward Son», som Livgren skreiv som ein oppfølgjar til «The Pinnacle», den siste songen på det førre albumet, Masque (1975).
Remove ads
Mottaking
Albumet fekk middels kritikk. Rolling Stone kalla Leftoverture det beste Kansas-albumet til då og sa at det «garanterer Kansas ein stad rett ved siden av Boston og Styx som ei av dei ferske, nye amerikanske banda som kombinerer hardtkøyrande instrumentering (utan prangande soloar) med korte, stramme melodilinjer og hyggeleg song.»[7] Magasinet Playboy kalla albumet «særs sterkt» og rosa Kansas for å representere «dei solide verdiane frå Midtvesten i vår enorme musikalske kjerne.»[8] Robert Christgau sa at albumet mangla intelligensen og overtydinga til europeisk progressiv rock, og at den sjølvutslettande humoren som var implisert i titlane på songane og albumet ikkje var å sjå i sjølve songane.[5]
Stephen Thomas Erlewine i AllMusic skreiv at albumet inneheld «verken knaggar eller nok stordom til å vere interessant» og trass i den flotte singelen «Carry On Wayward Son», er det faktum at Kansas «aldri klarer å konkurrere med denne andre stader på denne plata, like mykje eit vitnesbyrd om den lammande ambisjonen deira som den manglande dugleiken.»[4] Ultimate Classic Rock reknar «Carry On Wayward Son», «Magnum Opus», «The Wall», «What's on My Mind» og «Opus Insert» som klassikarar.[9]
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Kerry Livgren utanom der andre er nemnde
Medverkande
- Kansas
- Steve Walsh - orgel, piano, ekstra synthesizer, vibrafon, solo- og korvokal (alle spor)
- Kerry Livgren - elektrisk gitar, piano, clavinet, Moog, Oberheim og ARP synthesizer
- Robby Steinhardt - fiolin, bratsj, solovokal på «Miracles Out of Nowhere» og «Cheyenne Anthem», korvokal
- Rich Williams - elektrisk og akustisk gitar
- Dave Hope - bassgitar
- Phil Ehart - trommer, perkusjon
- Andre medverkande
- Toye LaRocca, Cheryl Norman - barnestemmer på «Cheyenne Anthem»
- Produksjon
- Jeff Glixman - plateprodusent, assisterande lydteknikar
- Bill Evans - lydteknikar
- Edwin Hobgood, Ray Black - ekstra studiostøtte
- George Marino - mastering i Sterling Sound i New York City
Remove ads
Salslister
Salstrofé
Land | Organisasjon | År | Sal |
USA | RIAA | 1995 | 4x Platina (+ 4 000 000)[1] |
Canada | CRIA | 1978 | Platina (+ 100 000)[16] |
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads