Legende
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ei legende (frå (latin legenda, 'det som bør lesast')[1] er ein folkloresjanger som handlar om menneske og som kan oppfattast som å ha skjedd ein gong i historia. Dei kan ha overnaturlege, guddommelege eller fantastiske element. Legender i europeisk tradisjon var opphavleg forteljingar om martyrar og helgenar. I gammal tid vart desse legendene lesne i kyrkjene, og tente til å byggje opp biletet av livet til helgenane og undergjerningar gjort gjennom dei.


Mange legender held til innanfor ei sone av uvisse, der dei verken blir fullt ut trudd av dei som tek del i dei, men samtidig aldri fullstendig avviste.[2] Legender blir nokre gonger skild frå mytar ved at dei har menneske som hovudkarakterar og ikkje nødvendigvis har overnaturleg opphav, og nokre gonger ved at dei kan ha eit visst historisk opphav, medan mytar typisk ikkje har det.[3][4] Grimm-brørne definerte «legende» som eit «folkeeventyr med historisk grunnlag.»[5]
Remove ads
Ordsoge og ordforståing
Ordet «legende» stammar frå mellomalderlatin legenda.[6] I tidleg språkbruk kunne det visa til ei forteljing om ei hending.
I 1613 byrja engelsktalande protestantar å bruke ordet når dei ville understreke at ei hending (særleg historia om ein helgen som ikkje var anerkjend i John Foxe sitt verk Actes and Monuments) var fiktiv. Legenda fekk dermed moderne konnotasjonar av å vera «udokumentert» og «falsk», som skil det i tyding frå chronicle eller krønike.[7]
I 1866 skildra Jacob Grimm folkesoga som «poetisk, legendarisk historisk.»[8] Tidlege lærde som Karl Wehrhan,[9] Friedrich Ranke[10] og Will Erich Peuckert[11] følgde dømet til Grimm ved å fokusera berre på det litterære narrativet. Tilnærminga blei vidareutvikla særleg etter 1960-talet,[12] ved å ta opp spørsmål om prestasjon og dei antropologiske og psykologiske innsyna ein kunne få ved å tenkja på den sosiale konteksten til legendene. Ønsket om å kategorisera legender i ein innhaldsbasert serie kategoriar liknande Aarne-Thompson-systemet for folkeeventyr førte til ei leiting etter ei breiare ny syntese. I eit tidleg forsøk på å definere nokre grunnleggende eigenskapar som var viktige for å kunna granska folkelegender, karakteriserte Friedrich Ranke folkelegenda i 1925 som «ei populær forteljing med objektivt usant fantasifullt innhald». Dette blei sett på som ei nedlatande karakterisering som seinare stort sett blei forlaten.[13]
I samanlikning med den høgt strukturerte folkeeventyret er legenda relativt amorf, noko Helmut de Boor peikte på i 1928.[14] Forteljingsinnehaldet i legender er i realistisk modus, heller enn den vittige ironien ein ofte finn i folkeeventyret;[15] Wilhelm Heiske[16] peika på likskapen mellom motiv i legender og folkeeventyr og konkluderte med at, til trass på den realistiske modusen, er legender ikkje meir historiske enn eventyra.
I Einleitung in der Geschichtswissenschaft (1928) hevda Ernst Bernheim at ei legende er berre eit langliva rykte.[17] Gordon Allport meinte levedyktigheita til nokre rykte låg i den vedvarende kulturelle sinnstilstanden som dei inneheld og innkapslar.[18] Då Willian Hugh Jansen føreslo at legender som forsvinn raskt var «kortlivde legendar» og dei som varte ved over tid kan kallast «langlivde legender», blei skilnaden mellom legender og rykte effektivt utviska.[19]
Remove ads
Kristne legender
I avgrensa tyding var legenda i kristendommen ei hagiografisk forteljing, ofte samla i eit legendarium, ei bok som samlar legender godkjende av kyrkja.[20] Ettersom liva til helgenar ofte omfattar mange mirakelsoger kunne «legend» i ei vidare tyding visa til alle typar soge som føregjekk i ein historisk kontekst, men som hadde overnaturlege, guddommelege eller fantastiske element.[21]
I norsk tradisjon finst mellom anna mange legender om Olav den heilage og St. Sunniva.
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads