Lenny Kravitz

From Wikipedia, the free encyclopedia

Lenny Kravitz
Remove ads

Leonard Albert Kravitz (fødd 26. mai 1964) er ein USA-amerikansk songar, låtskrivar, musikar, plateprodusent og skodespelar. Stilen hans omfattar element av rock, blues, soul, R&B, funk, jazz, reggae, hardrock, psykedelisk, pop og folkemusikk.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Kravitz vann Grammyprisen for beste mannlege rockesong fire år på rad frå 1999 til 2002,[3] og slo rekorden for mestvinnande i den kategorien og rekorden for flest sigrar på rad av ein mann. Han er òg nominert og har vunne i andre prisar, som American Music Awards, MTV Video Music Awards, Radio Music Awards, Brit Awards og Blockbuster Entertainment Awards. Blant hitsinglane til Kravitz finn ein «It Ain't Over 'til It's Over» (1991) og «Again» (2000), som kvar nådde topp 10 på Billboard Top 100-lista, i tillegg til «Let Love Rule» (1989), «Always on the Run» (1991), «Are You Gonna Go My Way» (1993), «Fly Away» (1998) og «American Woman» (1999), som alle nådde topp 10 på Alternative Airplay-lista.

Kravitz vart rangert på 93. plassen på lista til VH1 over dei 100 beste artistane innan hardrock.[4] Han vart offiser i Ordre des Arts et des Lettres i 2011, og spelte rolla som Cinna i Hunger Games-serien. I løået av karrieren har Kravitz selt over 40 millionar album verda over.

Remove ads

Diskografi

Studioalbum

  • Let Love Rule (1989)
  • Mama Said (1991)
  • Are You Gonna Go My Way (1993)
  • Circus (1995)
  • 5 (1998)
  • Lenny (2001)
  • Baptism (2004)
  • It Is Time for a Love Revolution (2008)
  • Black and White America (2011)
  • Strut (2014)
  • Raise Vibration (2018)
  • Blue Electric Light (2024)

Filmar

Film

Meir informasjon År, Tittel ...

Fjernsyn

Meir informasjon År, Tittel ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads