Let’s Spend the Night Together
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Let’s Spend the Night Together» er ein song av The Rolling Stones frå 1967, skriven av Mick Jagger og Keith Richards. Han har vorte spelt av mange andre artistar, mest kjend David Bowie i 1973.[1]
Songen vart gjeven ut på singel i januar 1967 og nådde tredjeplassen på singellista i Storbritannia. I USA vart han òg gjeven ut på den amerikanske utgåva av albumet Between the Buttons. På grunn av den då kontroversielle teksten (som omhandla eit forslag om kjønnsleg omgang), valde dei fleste radiostasjonane i staden å spele baksida av singelen, «Ruby Tuesday».[1] Dei to songane gjekk begge inn på den amerikanske Billboard Hot 100, «Let’s Spend the Night Together» stoppa på 55. plass, medan «Ruby Tuesday» gjekk til førsteplassen. Både «Ruby Tuesday» og «Let’s Spend the Night Together» hadde med Jack Nitzsche på piano.
Songen vart sensurert då Rolling Stones framførte han på The Ed Sullivan Show i USA. Først vart dei nekta å spele songen i det heile, og Sullivan sjølv sa til Jagger at «anten går songen, eller så går du».[2] Eit kompromiss vart at dei endra teksten til «let’s spend some time together» (i staden for «let’s spend the night together»). Jagger gjekk med på å endre teksten, men himla med augene kvar gong han song denne linja. I april 2006, under den første konserten deira i Kina, nekta styresmaktene bandet å spele songen på grunn av den «antydande teksten».[3]
Remove ads
- Mick Jagger – solovokal, korvokal, batong, perkusjon
- Keith Richards – elektrisk gitar, bass, piano, korvokal
- Brian Jones – orgel, elektrisk gitar
- Charlie Watts – trommer
- Jack Nitzsche – piano[4]
«Let’s Spend the Night Together» vart gjeven ut på følgjande studioalbum:
- Between the Buttons (1967) (USA)
- Flowers (1967)
- Through the Past, Darkly (Big Hits Vol. 2) (1969)
- Hot Rocks 1964-1971 (1972)
- Rolled Gold: The Very Best of the Rolling Stones (1975)
- Singles Collection: The London Years (1989)
- Forty Licks (2002)
- Singles 1965-1967 (2004)
Ein konsertversjon finst på Still Life (American Concert 1981) (1982).
David Bowie-utgåva
David Bowie spelte inn ei glamrock-utgåve av «Let’s Spend the Night Together» for albumet Aladdin Sane, som kom ut i april 1973. Han vart òg gjeven ut som singel i USA og Europa, men gjekk ikkje inn på singellistene.
Bowie si utgåve inkluderte ein pulserande synthesizer-effekt og han hadde lagt til eit eige vers mot slutten:
- They said we were too young
- Our kind of love was no fun
- But our love comes from above
- Let’s make... love
Forfattar Nicholas Pegg skildrar innspelinga som «raskare og råare» enn Stones-utgåva,[12] medan NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray skriv at Bowie klarte det kunststykket å slå the Stones med ein av deira eigne songar.[13]
Ei utgåve av songen finst òg på konsertalbumet Ziggy Stardust - The Motion Picture, spelt inn på Hammersmith Odeon i London i juli 1973.
Medverkande
- David Bowie – vokal, gitar, munnspel, tangentinstrument, saksofon
- Mick Ronson – gitar, piano, vokal
- Trevor Bolder – bass
- Mick «Woody» Woodmansey – trommer
- Mike Garson – piano
- Ken Fordham – saksofon
- Brian «Bux» Wilshaw – saksofon, fløyte
- Linda Lewis – korvokal
- Juanita «Honey» Franklin – korvokal
- G.A. MacCormack – korvokal
Remove ads
Andre versjonar
Songen er òg spelt inn av
- Den amerikanske bluesmusikaren Muddy Waters på albumet Electric Mud (1968).
- Den franske popsongaren Claudine Longet på albumet Let's Spend the Night Together (1972).
- Electric Light Orchestra spelte stundom songen på scenen kring 1973 og 1974, men spelte han aldri inn.
- Jerry Garcia spelte inn songen i 1974 på albumet Compliments.
- Tina Turner spelte inn songen på albumet Acid Queen (1975).
- Det britiske glamrockbandet Hello spelte inn songen på debutalbumet Keeps Us Off The Streets i 1975.
- Det australske glam/punkrock-bandet Supernaut spelte inn ein versjon av songen som singel i 1977.
- Songaren og gitaristen Charo på albumet Cuchi-Cuchi i 1977.
- Roger Chapman spelte inn ein versjon på singel (1979).
- Det kanadiske rockebandet Toronto spelte songen på debutalbumet Lookin' for Trouble (1980).
- Det kanadiske bandet April Wine nytta delar av songen i sin eigen song I Like To Rock (1982).
- Det amerikanske glam metal-bandet Keel gav ut ein versjon av songen på albumet Lay Down the Law (1984).
- «Weird Al» Yankovic nytta refrenget i polkaen «The Hot Rocks Polka» i 1989 på albumet UHF – Original Motion Picture Soundtrack and Other Stuff.
- Powerpop/new wave-bandet Precious Little spelte ein versjon av songen.
- Catfish Haven spelte songen i 2007.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads