Flowers

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Flowers er det åttande amerikanske studioalbumet til The Rolling Stones, gjeve ut i 1967. Albumet er ei samling av tidlegare innspelingar. Songar som anten hadde vore gjeve ut som singlar, eller ikkje vore med på dei amerikanske utgåvene av Aftermath og Between the Buttons, var med på albumet.

Meir informasjon Kritikk, The Rolling Stones-kronologi ...

Tre spor hadde aldri vore gjeve ut tidlegare. «My Girl» frå innspelinga av Out of Our Heads og Between the Buttons, og «Ride On, Baby» og «Sittin’ On a Fence» frå Aftermath-innspelinga.

Titelen viser til plateomslaget, med blomsterstilkar under kvart portrett av bandmedlemmane. Bassist Bill Wyman hevdar at Mick Jagger og Keith Richards med vilje tok bort alle lauva frå stilken til Brian Jones, som ein spøk. Portretta er frå den britiske utgåva av Aftermath.

Flowers nådde tredjeplassen i USA på seinsommaren 1967 og selde til gull.

Remove ads

Innhald

Alle spor skrivne av Mick Jagger og Keith Richards, bortsett frå der andre er nemnd

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Bakgrunnsstoff

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads