Let's Have a Party
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Let's Have a Party» er ein song frå 1957 skriven av Jessie Mae Robinson og spelt inn av Elvis Presley for filmen Loving You. Wanda Jackson spelte inn songen for det første albumet sitt, Wanda Jackson frå 1958. Songen vart gjeven ut på singel av Jackson i 1960 og gjekk inn på den britiske singellista den 1. september det året, der han låg i åtte veker og nådde 32. plassen. Singelen nådde òg 37. plassen på Billboard Hot 100 i 1960.[2][3][4] Jackson-versjonen vart seinare nytta i den kritikarroste filmen Dead Poets Society i 1989.[5] Paul McCartney spelte òg inn og gav ut songen (med tittelen «Party») i 1999 på albumet Run Devil Run. Den originale songen hans, «Run Devil Run», på albumet med same namn har ein melodi som liknar mykje. Ein versjon av «Let's Have a Party» av Sonia kom ut i 2010.
Songen vart nytta med tittelen «Party» i Broadway-musikalen Million Dollar Quartet, som opna i New York i april 2010.[6]
I konsertfilmen til T. Rex frå 1972, Born to Boogie, prøver Marc Bolan og Ringo Starr å resitere teksten frå songen («some people like to rock, some people like to roll, but movin' and a-groovin's gonna satisfy my soul»). Men dei bryt ut i latter kvar gong.
Led Zeppelin spelte òg songen på konsertane sine som ein del av «Whole Lotta Love». Eit døme på dette finst på konsertalbumet How the West Was Won.
Det engelske glamrockbandet Mud spelte inn songen i 1975 for albumet Mud Rock Volume 2.
Rock and roll-bandet Dr. Feelgood spelte inn songen i 1978 på albumet Private Practice.
Remove ads
Lister
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads