Run Devil Run av Paul McCartney

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Run Devil Run er det 11. studioalbumet til Paul McCartney, gjeve ut i 1999. Det inneheld hovudsakleg coverversjonar av både kjende og ukjende rock and roll-songar frå 1950-åra, i tillegg til tre originale McCartney-songar skrivne i same stil. Tittelsporet er ein av desse songane som McCartney skreiv. Det var det første prosjektet hans etter den første kona hans, Linda, døydde i 1998. McCartney følte han måtte gå attende til røtene sine og spele musikken han elska som tenåring. Den 14. desember 1999 kom McCartney attende til Cavern Club for å spele songar frå det nye albumet.

Meir informasjon Paul McCartney-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Etter kona Linda McCartney døydde i april 1998, tok Paul McCartney eit år fri for å sørgje.[8]

Remove ads

Musikk og tekst

Albumet består av tolv coverlåtar og tre originale songar av McCartney. Av coverlåtane vart «Blue Jean Bop» skriven og spelt inn av Gene Vincent i 1956.[9] «She Said Yeah» vart blitt spelt av Larry Williams.[9] «All Shook Up», «I Got Stung» og «Party» var blitt spelt av Elvis Presley.[9] «No Other Baby» var skriven av Dickie Bishop og Bob Watson,[10] og vart opphavleg spelt inn i 1958 av skifflegruppa The Vipers[11] og gjeve ut som singel. Trass i at McCartney aldri hadde eigd songen gjorde han nok inntrykk til at McCartney spelte inn songen 30 år seinare.[9] «Lonesome Town» vart blitt spelt av Ricky Nelson.[9] «Movie Magg» vart blitt spelt inn av Carl Perkins.[9] Chuck Berry-songen «Brown Eyed Handsome Man» vart spelt inn av både han og Buddy Holly.[9] «Shake a Hand» vart skriven av Joe Morris og spelt inn av Little Richard i 1958.[11] «Coquette» var blitt spelt inn av Fats Domino. «Honey Hush» vart først spelt inn av Joe Turner, men McCartney nemnde i omslaget den meir kjende versjonen til Johnny Burnette.

Av dei originale songane er «Run Devil Run» ein song i Chuck Berry-stil.

Remove ads

Innspeling og struktur

McCartney ønskte å arbeide med dugande og empatiske musikarar, og ringde Pink Floyd-gitaristen David Gilmour.[12] Andre gitaristar var Mick Green, klaverspelaren Pete Wingfield og Geraint Watkins, og på trommer Deep Purple-medlemmet Ian Paice og Dave Mattacks.[12] McCartney spelte bass[12] og stundom elektrisk gitar. McCartney ønskte at innspelingane skulle vere avslappa utan post-produksjon..[12] McCartney tok med ei liste over songane han ønskte å spele.[12] Den første innspelinga var ei veke[12] tidleg i mars, og nokre fleire innspelingar vart gjort i april og mai.[9]

Remove ads

Utgjeving

Albumet kom ut 4. oktober 1999 i Storbritannia, og dagen etter i USA. Albumet nådde 12. plassen på albumlista i Storbritannia og 27. plassen i USA..[13] Tittelen Run Devil Run var inspirert av Miller's Rexall Drugs, ein hoodoo og urtemedisinbutikk i South Downtown i Atlanta.[14]

Det vart gjeve ut ei rekkje bonussplater og singlar i lag med albumet. To spesialutgåver av Run Devil Run med avgrensa bonusdiskar var tilgjengelege i enkelte butikkar. Ei spesialutgåve som berre var i sal hos Best Buy inneheld ei bonusplate med intervju. Ei liknande spesialutgåve vart berre seld på Musicland og Sam Goody, med ein EP på fire spor med originalversjonar av songar frå albumet: «Blue Jean Bop» av Gene Vincent & His Blue Caps, «Lonesome Town» av Ricky Nelson, «Coquette» av Fats Domino og «Let's Have a Party» av Wanda Jackson.

«No Other Baby» kom ut på 7" vinylsingel i Storbritannia med to songar på B-sida, «Brown Eyed Handsome Man» og songen «Fabulous», som ikkje var med på albumet. I Amerika vart «No Other Baby» gjeven ut på ein spesial jukeboks-singel, med «Try Not to Cry» på B-sida. «No Other Baby», «Brown Eyed Handsome Man» og «Fabulous» vrt gjevne ut på to forskjellige CD-singlar, ein med stereoversjonar av dei tre songanr og den andre med monoversjonar. Det vart filma ein musikkvideo for «No Other Baby», i svart-kvitt.[11]

McCartney filma ein konsert i The Cavern Club som ein del av marknadsføringa av albumet,[15] den 14. desember 1999.[16]

I Storbritannia vart òg alle femten songane på albumet, i lag med «Fabulous», gjevne ut 25. desember 1999, som ei samling på åtte 7"-singlar selde i lag i ei Run Devil Run Limited Edition Collector's Box som var utforma som ein platekasse frå 1950-åra.

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Medverkande per CD-heftet.[17]

Musikarar

Produksjon

  • Chris Thomas, Paul McCartney – produsent
  • Geoff Emerick, Paul Hickslydteknikar
  • Steve Rooke – mastering
  • Dave Fine – fotografi på omslaget
  • Richard Haughton – foto av McCartney
  • Mike McCartney – foto av den unge McCartney
  • John Hammel – foto frå inspelingar
  • Mike Owen – produktfoto
  • Philip Gallard – instrumentfoto
  • Klaus Voormann, Aleen Toroyan – teikningar
  • Norman Hathaway – design
Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste (1999), Plassering ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads