Lev Lagorio
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Lev Feliksovitsj Lagorio (16. juni 1828–17. november 1905) var ein russisk målar, kjend for sine marinemåleri.
Remove ads
Liv og gjerning
Lagorio var fødd i Feodosija (i dagens Ukraina). Han studerte målekunst ved St. Petersburgs kunstakademi i St. Petersburg. Lærarane hans var Maksim Vorobjev og B. P. Villeval'de. Medan han budde i Feodosija vart han påverka av målaren Ivan Ajvazovskij. I 1845 la Lagorio ut på ei sjøreise med krigsskipet Groziasjtsij for å lære seg korleis skip var oppbygt.
Lagorio budde åtte år i Italia. Bileta han laga der gav han status som professor ved heimkomsten til Russland.
I sine seinare år måla han kystmotiv frå Finland og Noreg. Han måla og verk med motiv frå den russisk-tyrkiske krigen 1877-1878.
Lagorio sine verk er tilgjengelege for allmenta i Tretjakovgalleriet i Moskva.
Remove ads
Verk i utval
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Lev Lagorio» frå Wikipedia på engelsk, den 23. mars 2010.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads