Up on Cripple Creek

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Up on Cripple Creek» er den femte songen på The Band-albumet The Band frå 1969. Han vart gjeven ut som singel i november 1969 og nådde 25. plass på den amerikanske singellista.[1] Songen ser ut til å syne til Cripple Creek i Colorado, som har vore knytt til gruvedrift sidan gullrushet i 1890-åra. «Up on Cripple Creek» vart skriven av Band-gitaristen Robbie Robertson, med trommeslagar Levon Helm på solovokal.

Meir informasjon A-side, Låtskrivar(ar) ...

Det finst konsertutgåver av «Up on Cripple Creek» på konsertfilmen The Last Waltz og det tilhøyrande filmmusikkalbumet, i tillegg til Before the Flood, eit konsertalbum i lag med Bob Dylan frå 1974.

«Up on Cripple Creek» er kjend for ein av dei første songane der ein Hohner Clavinet vert spelt med ein wah-wah-pedal. Riffet kan høyrast etter refrenget i songen. Clavineten, særleg med wah-pedal, vart mykje nytta i funkmusikk utover i 70-åra, og er framleis populær i dag.

Remove ads

Teksten

Teksten omhandlar tre av favorittemaa til The Band, Sørstatane, amerikansk folkemusikk og alkoholisme, og fortel soga om ein gruvearbeidar som reiser til Lake Charles i Louisiana for å møte ei lokal jente, medan han bruker pengane sine på drinkar.

Medverkande

Salslister

Meir informasjon Liste (1969-70), Plassering ...

Andre versjonar

  • The Oak Ridge Boys på albumet Bobbie Sue
  • Tom WopatThe Dukes of Hazzard-soundtracket frå 1979
  • Dave Matthews & Friends spelte songen mykje på konsertar
  • David Allan Coe skal ha spelt songen
  • The Gourds spelte over songen under eit mellomspel av «Gin and Juice» av Snoop Dogg
  • Gomez spelte songen på hyllestalbumet Endless Highway: The Music of The Band
  • Keisuke Kuwata spelte songen med Southern All Stars i ein medley med «Dixie Chicken» og «Sweet Home Alabama»
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads