Lhotse
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Lhotse er eit fjell i Himalaya på grensa mellom Khumbu-regionen i Nepal og Tibet i Kina. Med sine 8 516 moh. er Lhotse det fjerde høgste fjellet i verda. Toppen ligg berre knapt tre kilometer frå Mount Everest, og den vesle avstanden og smålåtne skardhøgda på 610 meter mot Everest gjer at klatrarar reknar Lhotse som ein av dei minst gjeve 8000-meterstoppane. Det tibetanske namnet tyder «Sørspissen» og det viser til det nære sambandet med Everest-massivet. Det tibetanske namnet på fjellet blir lho rtse med Wylie-translitterering. Det offisielle kinesiske namnet er Lhozê (kinesisk skrift 洛子峰, pinyin Luòzǐ Fēng).
Det ligg tre toppar som alle er over 8 000 meter på Lhotse-massivet. I tillegg til hovudtoppen, vert òg Lhotse Middle (8 414 m) og Lhotse Shar (8 383 m) rekna som toppar, men med for liten primærfaktor til at dei vert rekna som sjølvstendige toppar. Frå Lhotse og Lhotse Shar fell i sørleg retning ein over 3000 m høg fjellvegg. På grunn av den enorme høgdeskilnaden og den ekstreme høgda over havet blir dette rekna som ein av dei klatreteknisk vanskelegaste og farlegaste veggene i verda.
Remove ads
Klatrehistorie
18. mai 1956 vart ein sveitsisk ekspedisjon den første som fekk klatrarar til topps: Ernst Reiss og Fritz Luchsinger som var deltakarar på ein sveitsisk ekspedisjon leia av Albert Eggler.[1] Fire andre klatrarar frå den same ekspedisjonen kom på toppen av Mount Everest, og det var andre gong i historia Everest blei klatra. På grunn av at Everest og Lhotse ligg så nært kvarandre kunne begge topplaga nytte dei same leirane.
I 1977 klatra Michael Dacher som det første mennesket til toppen utan å ha med ekstra oksygen.[2]
Sven Gangdal blei i mai 2006 den første nordmannen på toppen.
Mellomtoppane Lhotse Shar og Lhotse Middle
Dei første som klatra opp Lhotse Shar var austerrikarane Zepp Maierl og Rolf Walter, det skjedde 12. mai 1979.[3] 23. mai 2001 var medlemar av ein russisk ekspedisjon dei første på Lhotse Middle.
Remove ads
Geografi
Topp og mellomtoppar

Lhotse Middle
Lhotse Middle er ein av Lhotse sine bitoppar som trass ei høgd på 8 410 m ikkje finst på dei klassiske listene over 8000-metrar. Dette, og framfor alt fordi toppen ligg på ein svært bratt og oppkløyvd fjellkam, har ført til at den er ein av dei siste av i alt om lag 30 toppane over 8000 moh. som blei klatra. Det skjedde i 2001.
Toppen ligg mellom hovudtoppen og Lhotse Shar, og blir derfor rekna som ein mellomtopp. Den er den høgste og vestlegaste av Lhotse sine to mellomtoppar. Den andre mellomtoppen blir til vanleg kalla East Middle på grunn av at den ligg langt aust i massivet. Kjeldene oppgjev ulike høgder; 8 400 m eller berre 8 372 m.
Lhotse Shar
Lhotse Shar er eit 8 382 m høgt fjell som offisielt er oppført som ein bitopp til Lhotse. Den ligg på den austlege enden av ein svært bratt og oppsplitta egg og blir derfor òg kalla Austtoppen. Med tanke på dominans og skardhøgd er toppen berre så vidt under dei grensene som definerer sjølvstendige toppar i Himalaya.
Tabell over topp og mellomtoppar
Remove ads
Galleri
- Stupa framfor Mount Everest (venstre) og Lhotse.
- Flyfoto av Everest og Lhotse.
- Lhotse, Everest, Makalu og Chomolonzo sett frå Phalut i Vest-Bengal i India.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads