Liège

by i Belgia From Wikipedia, the free encyclopedia

Liègemap
Remove ads

Liège (vallonsk Lîdje, nederlandsk Luik, tysk Lüttich) er ein stor by i Belgia og ein kommune i Vallonia og Liège. Byen ligg ved elva Maas nær Belgia si grense mot Nederland og Tyskland, der Maas møter elva Ourthe

Kjappe fakta Land Region Provins, Grunnlagd ...

Liège er den største og viktigaste byen i Vallonia, den fransktalande delen av Belgia. Kommunen Liège inkluderer dei tidlegare kommunane Angleur, Bressoux, Chênée, Glain, Grivegnée, Jupille-sur-Meuse, Rocourt og Wandre.

Sjølve byen Liège hadde i 2006 opp mot 190 000 innbyggjarar, men i området rundt Liège bur det rundt 600 000. Byen er eit av dei store økonomiske og kulturelle sentra i Vallonia, og innbyggjarane er hovudsakleg fransktalande. I tillegg er byen ein stor studentby med meir enn 24 skular og totalt 42 000 studentar (inkludert Universitet i Liège, som vart grunnlagd i 1817, som har 17 000 studentar).

Det var busetnadar her alt i romartida, og Liège vart først nemnd i 558 som Vicus Leudicus.

Remove ads

Åtaket i 2011

For meir om dette emnet, sjå Åtaket i Liège 2011.

13. desember 2011 vart fem personar drepne og 125 vart skadde då 33 år gamle Nordine Amrani kasta granatar og avfyrte skot mot sivile på Place Saint-Lambert.

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Liège


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads