Ourthe
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ourthe er ei 165 km lang elv i Ardennane i Wallonia, som ligg i Belgia. Ho er ei av sideelvane til Maas frå høgre. Ho har sitt utspring der elvene Ourthe Occidentale og Ourthe Orientale renn i hop, vest for Houffalize.
Kjelda til Ourthe Occidentale er nær Libramont-Chevigny, i den belgiske provinsen Luxembourg. Kjelda til Ourthe Orientale er nær Gouvy, òg i den belgiske provinsen Luxembourg, nær grensa til staten Luxembourg.
Etter at dei to elvene renn saman, renn Ourthe hovudsakleg nordvestover. Ho munnar ut i Maas ved byen Liège. Dei viktigaste sideelvane til Ourthe er Amblève og Vesdre. Av landsbyar langs Ourthe finn ein Houffalize (Ourthe Orientale), La Roche-en-Ardenne, Hotton, Durbuy, Hamoir og Esneux.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Ourthe» frå Wikipedia på engelsk, den 17. februar 2007.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads