Liberia

From Wikipedia, the free encyclopedia

Liberia
Remove ads

Liberia er ein republikk i Vest-Afrika. Landet grensar til Sierra Leone, Guinea og Elfenbeinskysten.

Thumb
Kart over Liberia
Kjappe fakta Republic of Liberia (norsk: Liberia, liberisk) ...
Remove ads

Klima

I denne delen av Afrika flyttar den intertropiske konvergenssona med skyer, regn og torevêr seg nordover og sørover i lag med sola, men ligg vanlegvis fire til seks veker etter. Frå oktober til mars, når sola står lågt på himmelen, er vêret generelt tørt og fint med varme og solrike dagar. Perioden april til september er regntid, og regntida er på sitt mest intense i juli og august. I november er det om lag ikkje noko regn att.

Langs kysten kjem det mellom 3500 og 4000 mm kvart år, medan dei indre områda får litt mindre. Temperaturen held seg høg året rundt på kysten, og under tørketida er han høgare i indre strøk. Under regntida er kystområda meir ubehagelege på grunn av høg relativ fukt, som sjeldan går under 80 % på dagtid. I tillegg vert landet i periodar av tørketida råka av den nordaustleg harmattanvinden, som ofte fører med seg støv og sand.

Denne spireartikkelen kan utvidast ved hjelp av den utfyllande artikkelen «Liberia» på Wikipedia på bokmål/riksmål.


Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads