Monrovia

From Wikipedia, the free encyclopedia

Monrovia
Remove ads

Monrovia er hovudstaden i det vestafrikanske landet Liberia. Han har omkring éin million innbyggjarar (2008). Byen ligg på ei halvøy mellom Atlanterhavet og elva Mesuardo, og er ein viktig hamneby.

Thumb
Travel gate i Monrovia.
Kjappe fakta Land, Distrikt ...

Monrovia er den største byen i Liberia og det administrative, kommersielle og finansielle sentrumet i landet. Næringslivet i byen er dominert av hamna, som blei kraftig utvida av dei amerikanske militærstyrkane under den andre verdskrigen. Dei viktigaste eksportartiklane er lateks og jernmalm.

Byen blei grunnlagd i 1822, som ein koloni for lauslatne slavar frå USA,[2] og er oppkalla etter USA sin femte president, James Monroe.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads