Liese Prokop
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Liese Prokop (27. mars 1941–31. desember 2006), fødd Liese Sykora, var ein austerriksk konservativ politikar og friidrettsutøvar. Frå 2004 til ho døydde var ho innanriksminister i Austerrike. I unge år vann ho EM-gull og OL-sølv i mangekamp. Idrettsleiaren Gunnar Prokop var ektemaken hennar frå 1965.
Remove ads
Virke
Idrett
Prokop vart nummer to i femkampen under dei olympiske leikane i Mexico-byen i 1968, med ein margin på sju poeng til bronsevinnaren, Annamária Tóth frå Ungarn. Olympiameisteren Ingrid Becker frå Vest-Tyskland var i ei klasse for seg sjølv. I 1969-sesongen sette Prokop verdsrekord med 5 352 poeng og var favoritt til EM i friidrett 1969 i Aten. Ho innfridde og vann ein soleklar siger framom sveitsiske Meta Antenen, 5030 poeng mot 4793.
Politikk
Prokop slutta som aktiv idrettsutøvar og vart i november 1969, berre to månader etter ho vann EM-gull, vald inn i det austerrikske parlamentet som representant for forbundslandet Niederösterreich for det konservative partiet Österreichische Volkspartei. Ho var minister i forbundslandsregjeringa frå 1981, med ansvar for sports- og familiepolitikk. Frå 1992 var ho viseguvernør i forbundslandet.
Etter at Ernst Strasser overraskande gjekk av som innanriksminister i Austerrike, vart Liese Prokop den 22. desember 2004 utnemnd til ny innanriksminister. Ho førte ein streng såkalla «lov og orden»-politikk, og vart kritisert for si haldning til rasisme og for menneskerettsbrot i hennar eige ansvarsområde, som til dømes då fire polititenestemenn mishandla gambiaren «Bakary J.». Asyl- og innvandringslovgjevinga vart skjerpa den tida ho var innanriksministar.
Prokop var mor til handballspelaren Karin Prokop, syster til friidrettsutøvaren Maria Sykora og tante til alpinisten Thomas Sykora.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Liese Prokop» frå Wikipedia på tysk, den 21. juli 2015.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads