Liestal

From Wikipedia, the free encyclopedia

Liestalmap
Remove ads

Liestal (tidlegare Liesthal) er ein by og ein kommune i det nordlege Sveits. Kommunen har 13 739 innbyggjarar (2011) og eit areal på 18,19 km². Sidan 1832 har byen vore hovudstad i kantonen Basel-Landschaft og i distriktet Liestal. Bysentrum ligg 327 meter over havet. Liestal er ein industriby.

Meir informasjon Plassering, Styresmakter ...
Remove ads

Geografi

Liestal ligg 17 km sør for byen Basel. 58,7 % av flatevidda i kommunen er skogdekt, 23,9 % er bebygd og 16,4 % er landbruksareal. Elva Ergolz renn frå sør til nord gjennom kommunen.

Liestal sine grannekommunar er Füllinsdorf, Arisdorf, Hersberg, Lausen, Bubendorf, Seltisberg, Nuglar-Sankt Pantaleon og Frenkendorf.

Samferdsle

Liestal ligg ved jarnvegslinja KölnBaselChiassoMilano. Andre snøggtog knyter byen saman med andre byar i Sveits. Også pendeltog til Basel stoggar i Liestal.

Thumb
Utsyn over Liestal

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads