Light Years

album av Kylie Minogue From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Light Years er det sjuande studioalbumet av den australske songaren Kylie Minogue. Albumet vart gjeve ut den 25. september 2000 av Parlophone.

Meir informasjon Kritikk, Kylie Minogue-kronologi ...
Remove ads

Albuminformasjon

Albumet er i stor grad sett på som ein comeback av Kylie, som albumet der ho gjekk tilbake til pop og opp til toppen av hitlistene. Det er òg det første albumet hennar utgjeve på Parlophone. Albumet inneheld ferske dansepop-lydar med element av disco og house. Den første singelen «Spinning Around» vart skriven med den amerikanske songaren Paula Abdul, men vart gjeven til Minogue. Songen var ein fyrsteplass-hit i Australia og Storbritannia.

Albumet kom ut 22. september 2000 i Australia og New Zealand, og 25. september i Storbritannia og Europa etter singelen «Spinning Around». Det inneheld eit skjult spor, «Password», som er inkludert på pregap-porsjonen av CD-en i byrjinga av det første sporet. Dei tyske, spanske og japanske versjonane av albumet inneheld den opphavlege franske teksten på «Your Disco Needs You» omsett til dei respektive språka med «Password» som eit skjult spor.

Minogue promoterte albumet med den svært vellukka turnéen On a Night Like This Tour, som vitja Europa og Australia. På grunn av suksessen til albumet og turnéen vart ein spesialversjon utgjeven, som inneheld det opphavlege albumet og ein tilleggs-CD med fleire remiksar. Spesialversjonen til albumet kom ut 5. mars 2001.

Remove ads

Listeplasseringar og sal

I Australia debuterte albumet på andreplassen på ARIA Charts i oktober 2000 og nådde fyrsteplassen tre veker seinare. Det var det fyrste albumet til Minogue som nådde fyrsteplassen i heimlandet hennar. Det vart seinare sertifisert fire gonger platina av Australian Recording Industry Association for sal i overkant av 280 000 eksemplar.[1] Albumet nådde åttandeplassen i New Zealand der det oppheldt seg i fem veker på listene.[2] Det nådde andreplassen på UK Albums Chart i oktober 2000 og vart sertifisert platina av British Phonographic Industry i februar 2001 med sal av 300 000 eksemplar.[3] Albumet vart ein moderat suksess i andre stader og nådde sekstandeplassen i Ungarn, 24. plassen i Finland, 26. plassen i Sverige, 28. plassen i Sveits og 35. plassen i Tyskland.

Remove ads

Singlar

«Spinning Around» var utgjeven i juni 2000 som den første singelen frå albumet. Songen nådde fyrsteplassen i både Australia og Storbritannia. «On a Night Like This» vart utgjeven i september 2000. Singelen nådde fyrsteplassen på dei australske hitlistene og andreplassen på dei britiske hitlistene. Minogue spelte denne songen på Sommar-OL 2000 i Sydney.

«Kids» er ein duett med Robbie Williams og vart utgjeven i oktober 2000. Songen vart skriven av Williams og Guy Chambers, og vart gjeven ut som den tredje singelen frå albumet hennar, og den andre frå albumet Sing When You're Winning av Williams. Songen nådde andreplassen i Storbritannia og femteplassen i Australia. Ein annan versjon av Williams vart inkludert på albumet hans.

«Please Stay» vart utgjeven i desember 2000 og nådde niandeplassen i Storbritannia og femtandeplassen i Australia. Minogue framførte denne songen på det britiske musikkprogrammet Top of the Pops. «Your Disco Needs You» var ein annan song skriven av Robbie Williams og Guy Chambers for albumet. Songen vart ein hit då den vart gjeven ut som singel i Tyskland og Australia.

Sporliste

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

  • Kylie Minogue – vokal, bakgrunnsvokal
  • Tracie Ackerman – bakgrunnsvokal
  • William Baker – stylist
  • Big G. – gitar, produsent, lydteknikar, miksing
  • Adam Brown – lydteknikar, miksing
  • Winston Blissett – bass
  • Andy Caine – bakgrunnsvokal
  • Tom Carlisle – lydteknikar, miksing
  • Guy Chambers – gitar, produsent
  • Dave Clews – keyboard, programmering
  • Johnny Douglas – produsent
  • Rick Driscoll – bakgrunnsvokal
  • Andy Duncan – perkusjon, trommeprogrammering
  • Lance Ellington – bakgrunnsvokal
  • Sergio Flores – re-produksjon
  • Julian Gallagher – produsent
  • Clive Griffith – bakgrunnsvokal
  • Simon Hale – keyboard, strengeinstrument
  • Pete Howarth – bakgrunnsvokal
  • Ash Howes – miksing, innspeling
  • Sylvia Mason James – bakgrunnsvokal
  • Katie Kissoon – bakgrunnsvokal
  • Steve Lewinson – bass
  • Savvas Lossifidis – lydteknikar
  • Steve McNichol – programmering
  • Paul Mertens – fløyte
  • Mick Mullins – bakgrunnsvokal
  • Sharon Murphy – bakgrunnsvokal
  • David Naughton – assistent
  • Tessa Niles – bakgrunnsvokal
  • Gary Nuttall – bakgrunnsvokal
  • Vincent Peters – fotograf
  • Mark Picchiotti – produsent, miksing
  • Steve Power – keyboard, produsent, lydteknikar, miksing
  • Alan Ross – gitar
  • Resin Rubbers – strengeinstrument
  • Dan Russell – bakgrunnsvokal
  • Jonn Savannah – bakgrunnsvokal
  • Craig J. Snider – keyboard
  • Phil Spalding – bass
  • Mike Spencer – produsent
  • Graham Stack – produsent, miksing
  • Richard Stannard – produsent
  • Miriam Stockley – bakgrunnsvokal
  • Ren Swan – lydteknikar, miksing
  • Alvin Sweeney – assistent
  • Mark Taylor – produsent, miksing
  • Neil Taylor – gitar
  • John Themis – gitar
  • Paul Turner – gitar, bass
  • Tony Walthers – bakgrunnsvokal
  • Carl Wayne – bakgrunnsvokal
  • Paul Williams – bakgrunnsvokal
  • Richard Woodcraft – lydteknikar
  • Claire Worrall – bakgrunnsvokal
Remove ads

Topplisteplasseringar

Meir informasjon Toppliste (2000), Listeplassering ...
Remove ads

Sertifiseringar

Meir informasjon Land, Sertifisering ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads