Lilly

kvinnenamn From Wikipedia, the free encyclopedia

Lilly
Remove ads

Lilly, Lily, Lillie og Lili er kvinnenamn med ulike opphav. Lilly har namnedag den 16. september i Noreg og den 6. september i Sverige.

Thumb
Forfattaren og kvinnesaksforkjemparen Lily Braun.
Thumb
Mannekengen Lily Donaldson.

Namna kan vera kjæleformer av Elizabeth, kortnamn for Lilian eller visa til det engelske ordet for 'lilje', lily (tidlegare også lilly). I tydinga 'lilje' er det knytt til den kristne symbolikken med at blomen viser til reinskap.

Lilly og Lilley kan også vera slektsnamn. Namnet kan stamma frå gammalengelsk Linleia, 'rydding der ein dyrkar lin'.

Lill er eit liknande namn.

Remove ads

Bruk

Lilly er eit vanleg namn i Sverige, der det blei innført frå Storbritannia på 1800-talet. Det var også mykje brukt på norske jentebarn først på 1900-talet.

Namneberarar

  • Lillie Langtry (1853–1929), engelsk skodespelar
  • Lily Braun (1865–1916), tysk sosialdemokratisk kvinnesakskvinne og forfattar, fødd Amalie von Kretschmann
  • Lilly Bølviken (f. 1914), norsk jurist og første kvinnelege høgsterettsdommaren i Noreg
  • Lilly Jakobson (f. 1926), svensk forfattar
  • Lilly Andrassy Christiansen (f. 1965), norsk bildekunstnar
  • Lily Rose Beatrice Allen (f. 1985), britisk musikar
  • Lily Monica Donaldson (f. 1987), britisk modell og mannekeng
  • Lily Cole (f. 1988), engelsk modell og skodespelar

Slektsnamn

  • William Lilly (ca. 1468–1522), engelsk humanist.
  • Charles Lilley (1827–97), australsk leiar og dommar
  • John C. Lilly (1915–2001), amerikansk lege, psykoanalytikar og skribent
  • Charles Lilly (f. 1952), USA-amerikansk kunstnar
  • Evangeline Lilly (f. 1979), kanadisk skodespelar og modell
Remove ads

Anna

  • Eli Lilly and Company er eit amerikansk farmasiselskap

Kjelder

  • Mills, A. D. (2003), «Lilley», A Dictionary of British Place-Names, Oxford University Press
  • Hanks, Patrick; Hardcastle, Kate; Hodges, Flavia (2006), «Lilly», A Dictionary of First Names, Oxford University Press
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads