Line Jahr
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Line Jahr (fødd 16. januar 1984) er ein norsk tidlegare skihoppar, medlem i Vikersund IF. Ho vann ein sølvmedalje med det norske mikslaget under Ski-VM 2015 i Falun.
Jahr vart norsk meister 2008 i normalbakken i Trondheim. Åra 2003-11 vann ho elles 12 NM-sølv og 3 NM-bronsar. To tredjeplassar var det beste ho oppnådde i GrandPrix-tevlingar i hoppbakken. Jahr deltok i Ski-VM 2009, 2011 og 2015. I den siste meisterskapen var ho med om å vinne sølv for Noreg i mikstevlinga, saman med Maren Lundby, Anders Bardal og Rune Velta.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Line Jahr» frå Wikipedia på bokmål, den 31. mars 2019.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads