Line av Triana Park

From Wikipedia, the free encyclopedia

Line av Triana Park
Remove ads

«Line» (norsk 'strek' eller 'line') er ein song frå 2017 av den latviske gruppa Triana Park. Songen vann den latviske songtevlinga Supernova 2017 og var det latviske bidraget til Eurovision Song Contest 2017 i Kyiv.[1]

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Om songen

«Line» er skriven av Kristians Rakovskis og bandmedlemmane i Triana Park Agnese Rakovska og Kristaps Ērglis.[2]

Songen var eitt av 22 bidrag i den latviske songtevlinga Supernova 2017, arrangert av kringkasteren Latvijas Televīzija (LTV).[3] «Line» kvalifiserte seg frå innleiande runde, semifinale og vann seinare finalen 26. februar 2017 i LTV Studio 6 i Riga.[4][1] Gjennom sigeren blei «Line» det latviske bidraget til Eurovison Song Contest 2017.[5]

Eurovision Song Contest

I januar 2017 blei Latvia trekt til å delta i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contest.[6] Semifinalen blei arrangert i International Exhibition Centre i Ukraina tysdag 9. mai, og Latvia hadde startnummer 18.[7] «Line» enda sist i semifinalen, og kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen laurdag 13. mai.[8]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads