Linnea Dale
norsk songar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Linnea Dale (fødd 22. april 1991) er ein norsk songar og låtskrivar frå Tinn.
Dale deltok i Idol på TV 2 i 2007. I semifinalen 10. oktober song ho den sjølvkomponerte låta «What Do I Know About Love», og ho vart røysta ut frå tevlinga 16. november etter å ha sunge ein låt av a-ha, som var kveldens tema. I seinare tid har ho utmerkt seg som gjestevokalist på dei bestseljande singlane «Ambitions», Sometimes og Awake med musikkgruppa Donkeyboy.[1]
Den første soloplata hennar Lemoyne Street kom ut i april 2012, med produsenthjelp frå Øystein Greni og Nikolai Eilertsen frå BigBang. EP-en Children of the Sun blei lansert 27. januar 2012 og singelen And Then the Sun Comes Up kom 14. mars 2012.
Den andre soloplate Good Goodbyes kom ut i april 2014, med produsent og låtskrivarhjelp frå Paal Waaktaar og Kim Edward Bergseth. Dale tok del i Melodi Grand Prix 2014 med låta «High Hopes» frå albumet.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads