Lipetsk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Lipetsk
Remove ads

Lipetsk (russisk Ли́пецк) er ein by i Russland og administrativt senter i Lipetsk oblast. Han ligg ved breidda av elva Voronezj, 438 km søraust for Moskva.

Kjappe fakta Land, Føderasjonssubjekt ...
Remove ads

Historie

Lipetsk vart først nemnd i krøniker frå 1200-talet. I 1284 vart busetjinga øydelagd av mongolane.

I 1703 gav Peter den store ordre om å få bygd ein støypejernsfabrikk i Lipetsk, nær jernmalmførekomstar, for å lage granater. I 1779 vart Lipetsk ein av dei største byane i Tambov gubernija.

Dei største industriane i Lipetsk er jernindustri, metallarbeid, maskinproduksjon, motorar, kjemikaliar, mat og klede.

Lipetsk er ein av dei eldste kurstadane i Russland og opna første gong i 1805. Torvgjørme og jernmedisinsk hydrogenkarbonat og kalsiumhaldige kjelder vert nytta til å behandle pasientar. Svovel- og klorhaldig natriumvatn vert nytta til både terapøytiske bad og som drikkevatn.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads