Kalsium

grunnstoff med kjemisk symbol Ca og atomnummer 20 From Wikipedia, the free encyclopedia

Kalsium
Remove ads

Kalsium er eit grunnstoff med kjemisk symbol Ca og atomnummer 20. Det høyrer til jordalkalimetalla og er plassert i gruppe 2 og periode 4 i periodesystemet.

Kjappe fakta Basisdata, Namn ...
Remove ads

Særlege kjenneteikn

Kalsium er eit gråaktig metall.

Bruk

Kalk (kalsiumhydroksid, ) blir mellom anna brukt til kalking av vassdrag, dyrkbar jord og grasplenar for å redusera syrenivået (auka pH-en) og dermed betra levekåra for fisk og nyttevekstar.

Kalsiumoksid vert nytta i stålproduksjon.

Remove ads

Historie

Sambindingar av kalsium har vore kjende i lang tid. Kalsiummetall vart isolert første gong i 1808. Sir Humphrey Davy gjorde dette ved elektrolyse av ein blanding av kalsiumoksid og kvikksølvoksid.

Biologisk rolle

Kalsium er viktig for plantar og dyr. Tenner og skjelett er for ein stor del bygd opp av kalsiumfosfat.

Mennesket sitt dagsbehov av kalsium er mellom 800 og 1500 mg.

Førekomst og framstilling

Kalsium er det femte vanlegaste grunnstoffet på jorda. Det vert for det meste funne som kalsiumkarbonat.

Kjemi og sambindingar

Ved romtemperatur reagerer kalsium sakte med luft, men ved høg temperatur brenn metallet kraftig og kalsiumoksid (CaO) vert danna.

Kalsiumhydroksid (Ca(OH)2) og Kalsiumkarbonat (CaCO3) er andre viktige sambindingar.

Remove ads

Isotopar

Tryggleik / Forholdsreglar

Sjå også

Referansar

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kalsium


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads