Lise Amundsen

norsk bilethoggar og designar From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Lise Amundsen (17. februar 193323. april 2024)[1] er ein norsk bilethoggar og designar. Ho var busett i Halden.

Kjappe fakta
Remove ads

Utdanning

Amundsen gjekk på Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo frå 1950 til 1955. I 1955 og 1959 var ho hospitant hjå bilethoggaren Nils Flakstad og i 1957 studerte ho under Anthony CaroSt. Martins School of Art i London. I åra 1964 til 1964 gjekk ho i steinhoggarlære hjå Fagernes i Halden.[2]

Bilethoggar

Som bilethoggar arbeidde Amundsen i materiala tre, bronse, granitt, bergkrystall og stål. Skulpturane hennar er abstrakt symbolretta.[2] Kunstverka hennar finst som offentlege utsmykkingar mange stader i landet. Ho er ekstra godt representert i heimfylket, Østfold, og verka hennar er også å finne utanlands. Ho hadde ei lang rekkje separatutstillingar i Noreg, og var på Haustutstillinga og på kollektivutstillingar også i utlandet.

Remove ads

Designar

Frå 1961 til 1975 arbeidde ho som designar for mellom andre Halden Bomullsspinderi og Væveri, Sellgrens Veveri og Rauma Ullvarefabrikk. Ho formgav mellom anna ryeteppe.[3]

Amundsen var med på å starta Halden Husflidslag.

Separatutstillingar

  • 2010 - Sandefjord kyrkje
  • 2008 - Konservativen i Halden
  • 2007 - Storedal Kultursenter i Sarpsborg
  • 2006 - Galleri New Form i Trelleborg i Danmark
  • 2005 - Botner Gård i Høland
  • 2003 - Storedal Kultursenter i Sarpsborg
  • 2001 - Galleri Kjeldaas i Oslo
  • 2000 - Gamle Tomb Galleri i Råde
  • 2000 - Galleri Adamstuen i Oslo
  • 1998 - Galleri Skåra i Fredrikstad
  • 1998 - Fredriksten Festning i Halden
  • 1996 - Galleri Skallum i Oslo
  • 1995 - Holle i Tyskland
  • 1993 - Oppegård kunstforening
  • 1992 - Skogbruksmuseet i Elverum
  • 1991 - Arendal kunstforening
  • 1990 - Oskarshamn kunstforening
  • 1990 - Thisted kunstforening
  • 1989 - Galleri Varden i Moss
  • 1988 - Lovisenberg sykehus
  • 1988 - Galleri Stampen i Fredrikstad
  • 1987 - Galleri Rakeng i Halden
  • 1987 - Askim kunstforening
  • 1985 - Sandefjord kunstforening
  • 1985 - Galleri BI-Z i Kristiansand
  • 1984 - Hurum kunstforening på Holmsbu
  • 1984 - Hamar kunstforening
  • 1983 - Rakkestad kunstforenning
  • 1982 - Galleri Homansbyen i Oslo
  • 1981 - Galleri Borg 80 i Grålum
  • 1979 - Sarpsborg kunstforening
  • 1978 - Halden kunstforening
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads