Little Cumbrae
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Little Cumbrae (skotsk-gælisk Cumaradh Beag) er ei øy i Firth of Clyde i North Ayrshire i Skottland. Øya vert lokalt kalla Wee Cumbrae.
Little Cumbrae ligg berre ein kilometer sør for den større naboøya, Great Cumbrae. Øyane vert i lag kalla The Cumbraes. I sterk kontrast til naboøya, som er grøn og frodig, er Little Cumbrae naken og berglendt. Med mange klipper og frambrot liknar Little Cumbrae meir på øyane i Hebridane enn dei andre øyane i Firth of Clyde.
Det ligg fleire busetnadslause øyar langs austsida av Littl Cumbrae, Castle Isle, the Broad Islands og Trail Isle.
Remove ads
Historie
Robert II skal ha bygd borga, Little Cumbrae Castle, på øya, som vart øydelagd av soldatane til Cromwell i 1653.[1]
Fyr
Cumbrae fyr vart bygd i 1793 av Thomas Smith for Commissioners of the Northern Lights. Fyret ligg på ein brei strandvoll på vestsida av øya ut mot fjorden.
Før fyret vart bygd var det ein eldstad på toppen av Lighthouse Hill på øya. Restane etter denne strukturen er framleis synleg.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads