Liu Hong
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Liu Hong (fødd 12. mai 1987) er ein kinesisk kappgjengar frå Anfu i Jiangxi-provinsen som i 2015 vart verdsmeister og i 2016 olympisk meister i 20 kilometer kappgang. Tidlegare har ho vunne distansen to gongar i asialeikane og teke VM-sølv og to VM-bronsar i same.
Remove ads
Liu vann 20 km ved asialeikane 2006 i Doha, ein prestasjon ho gjentok i Guangzhou i 2010. Under sommarleikane 2008 på kinesisk heimebane vart nummer fire, fem sekundar bak bronsevinnaren. Året etter vann ho sjølv bronsen då verdsmeisterskapen fann stad i Berlin. I 2011 gjekk Liu i mål på tida 1.30.00 ved VM i Doha, 18 sekundar bakom Olga Kaniskina frå Russland, ein utøvar som fire år seinare vart frådømd gullmedaljen. I London-OL 2012 kopierte Liu fjerdeplassen frå førre sommar-OL, medan det vart bronse på henne i friidretts-VM 2013 i Moskva.
Under verdsmeisterskapen 2015 i Beijing vann Liu gullmedaljen på same tid som landskvinna Lü Xiuzhi, som vart dømd til sølvmedaljør. Liu si gullmedalje var den einaste som gjekk til arrangørlandet. Også under dei olympiske leikane 2016 gjekk Liu inn til gullmedalje, med eit forsprang på to sekundar til María Guadalupe González frå Mexico.
Remove ads
- VM 2007 i Osaka: Nr 19 – 1.36.40
- OL 2008 i Beijing: Nr 4 – 1.27.17
- VM 2009 i Berlin: Bronsemedalje – 1.29.10
- VM 2011 i Daegu: Sølvmedalje – 1.30.00
- OL 2012 i London: Nr 4 – 1.26.00
- VM 2013 i Moskva: Bronsemedalje – 1.28.10
- VM 2015 i Beijing: Gullmedalje – 1.27.45, framom Lü Xiuzhi (1.27.45)
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Gullmedalje – 1.28.35, framom María Guadalupe González (1.28.37)
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Liu Hong (racewalker)» frå Wikipedia på engelsk, den 22. august 2018.
- «Liu Hong» (på engelsk). Olympedia. Henta 7. mars 2023.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads