Namnet Liv
kvinnenamn From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Liv er eit kvinnenamn av norrønt opphav som opphavleg tyder vern (norrønt hlíf). I nyare tid blir namnet ofte forstått som (biologisk) liv og blir sett på som ei norsk form av Eva. I Noreg var det mest populært på byrjinga av 1940-talet då det i nokre år var 3. mest brukt av jentenamn. Liv har namnedag 2. oktober.
- Sjå liv for andre tydingar.
Live og Liva er variantar av namnet, og Livar er ei namnesamansetjing for menn. Namna Livia og Livius har eit anna opphav, dei er romerske namn.
I norrøn gudetru skal Liv og Livtrase bera livet vidare etter Ragnarok.
Remove ads
Kjende namneberarar
- Liv Arnesen, norsk eventyrar
- Liv Køltzow, norsk forfattar
- Liv Lundberg, norsk diktar
- Liv Tyler, amerikansk filmskodespelar
- Liv Ullmann, norsk-amerikansk filmskapar
Bakgrunnsstoff
- ssb.no - tabell over dei 10 mest brukte jentenamna sidan 1880.
- Søk etter norsk namnestatistikk for Liv hjå Statistisk Sentralbyrå
- svanger.no - oversikt over kor mange som fekk namnet Liv frå 1992 - 2001.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads