Live Album av Grand Funk Railroad
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Live Album er det første konsertalbumet til hardrockbandet Grand Funk Railroad, opphavleg gjeve ut på Capitol Records den 16. november 1970.[1] Den første singelen frå albumet, «Mean Mistreater», kom ut 23. november og den andre, «Inside Looking Out», kom ut i januar 1971.
Albumet vart opphavleg gjeve ut som eit dobbeltalbum. Seinare utgåver på CD har kome som både dobbel- og enkelplate.
Remove ads
Innspeling og produksjon
Den rå energien frå desse konsertane vart fanga på lydband utan at dei vart miksa på ny eller fiksa for mykje på i studio. Denne «direkte innspelingsmetoden» gjer at det manglar litt på den tekniske biten, men syner bandet slik dei høyrdest ut.
Plateomslaget syner eit bilete av bandet frå Atlanta International Pop Festival frå 4. juli 1970, men ikkje noko av musikken på albumet vart teken opp der.
Remove ads
Utgjeving
Då albumet kom ut vart det slakta av kritikarane, men selde likevel godt. Den populære musikkritikaren Robert Christgau sa om albumet «Eg veit at dei har eit flott publikum. Men eit publikum og eit konsertalbum er ikkje det same--ikkje det same i det heile tatt». Han gav albumet karakteren C-.[3] Ei nyare melding av James Chrispell for Allmusic sa at folk anten elska eller hata albumet. Chrispell skreiv òg at Grand Funk Railroad var av dei mest populære konsertbanda på den tida og at konsertane deira var mektige.[2]
Albumet klatra til femteplassen på Billboard 200-lista og nådde 17. plassen på R&B Albums-lista. Det var det einaste albumet til bandet som klarte å nå begge desse listene.[4] Albumet selde til gullplate ei veke etter det kom ut, og i 1991 hadde det seld til 2x platinaplate.[1] Live Album vart det første og einaste albumet deira som nådde topp 40 på UK Albums Chart, med ein 29. plass.[5]
Remove ads
Innhald
CD-utgåva
CD-utgåva hadde rett rekkefølgje på songane, slik dei vart framførte på konserten i 1970:[6]
Lister
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads