Locarno
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Locarno er ein by og ein kommune i kantonen Ticino i det sørlege Sveits. Byen ligg på nordbreidda av Lago Maggiore, 200 meter over havet. Kommunen har 15 153 innbyggjarar (2010) og eit areal på 19,27 km². Kommunesenteret ligg 200 meter over havet. Locarno er hovudstad i distriktet Locarno og er den 74. største byen i Sveits etter folketal og den tredje største i Ticino etter Lugano og Bellinzona.
Locarno er endestasjon for Centovallibanen, som går til Domodossola i Italia. Årleg kvar august vert filmfestivalen Locarno internasjonale filmfestival arrangert i byen.
Byen var vertskap for forhandlingane som leia fram til Locarnoavtalen i 1925.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Locarno» frå Wikipedia på bokmål, den 19. september 2011.
Bakgrunnsstoff
- Offisiell nettstad
- Gamlebyen i Locarno
- Bilete Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads