Loch Morar

From Wikipedia, the free encyclopedia

Loch Morar
Remove ads

Loch Morar (skotsk-gælisk Loch Mhòrair) er ein innsjø i Morar i Lochaber i Highland i Skottland. Han er den femte største innsjøen i Skottland, med eit overflateareal på 26,7 km², og han er den djupaste innsjøen på Dei britiske øyane med ei største djupne på 310 m.[1]

Kjappe fakta Land, Tilsig ...

Loch Morar er skapt av isbrear og sidene rundt innsjøen er bratte fjellsider. Innsjøen er 19 km lang og det ligg fem større øyar i han.

Sjølv om vegen langs innsjøen ikkje strekkjer seg meir enn nokre kilometer langs nordsida, var begge sidene av innsjøen busette til ut på tidleg på 1900-talet.

Som med Loch Ness er det rapportert om uidentifiserte skapningar i innsjøen. Monsteret vart kalla Morag av dei lokale.[2]

Loch Morar var ein gong kjend som eit godt laks- og aurevatn, men som med dei fleste andre ferskvassystem nordvest i Skottland, er fisken nesten borte på grunn av lakselus frå lakseoppdrettsanlegga i området.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads