Lock Me In

song frå 2022 med Circus Mircus From Wikipedia, the free encyclopedia

Lock Me In
Remove ads

«Lock Me In» (norsk 'sperr meg inne') er ein song frå 2022 som vart framført av det georgiske progressiv rock-bandet Circus Mircus. Songen vart gjeven ut 9. mars 2022 på YouTube-kanalen til bandet. Songen var det georgiske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.

«Lock Me In»
Song av Circus Mircus
Thumb
Land Georgia
Språk Engelsk
Utgjeve 9. mars 2022
Sjanger Rock, progressiv rock
Lengd 02:36
Remove ads

Om songen

«Lock Me In» er skriven av bandet sjølv, ei løyndomsfull gruppe med musikarar som møtte kvarandre på ein sirkusskule i Tbilisi.[1] Gruppa vart vald av den georgiske rikskringkastinga til å representere landet i Eurovision Song Contest 2022, og nyheita vart kunngjord i november 2021.[2]

Fyrst i mars 2022 vart songtittelen kunngjord. Songen og musikkvideoen skulle eigentleg hatt premiere 10. mars, men planen vart endra på grunn av den russiske invasjonen av Ukraina.[3] I staden slapp gruppa lydsporet til songen, med ein svart bakgrunn i staden for videoen. Videoen vart sloppen seinare i mars 2022.[4]

Eurovision Song Contest

«Lock Me In» var det georgiske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino. Han deltok i den andre semifinalen torsdag 12. mai, der han enda på 18. og siste plass. Sidan songen ikkje var blant dei ti beste i semifinalen, kvalifiserte han seg ikkje til finalen laurdag 14. mai.[5] Dette var tredje gang Georgia endte sist i en semifinale.

Sceneshowet vart regissert av den svenske koreografen Emilia Sandquist.[4]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads