Lockerbie
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Lockerbie er ein by i regionen Dumfries and Galloway i det sørvestlege Skottland. Han har kring 4000 innbyggjarar. Han er mest kjend som åstad for Lockerbie-saka, der restane av eit passasjerfly styrta der i desember 1988 etter ein terroristbombe ombord på flyet.
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Bandet Lockerbie.
Den dominerande bygningen i byen er rådhuset, som er eit godt døme på skotsk baronistil. Han er bygd i lokal raud sandstein. Ved sida av står eit minnesmerke over dei falne i andre verdskrigen.
Byen har, for storleiken sin, eit godt utvikla transportnett. Han ligg ved vegen A47, og har ein jernbanestasjon. Den lokale økonomien var lenge avhengig av handel med stor- og småfe, noko nærleiken til grensa til England gjorde lukrativt. Det blir enno halde saueauksjonar i byen.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Lockerbie» frå Wikipedia på bokmål, den 27. oktober 2011.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads