Loire-Atlantique
franske departement From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Loire-Atlantique (tidlegare Loire-Inférieure) er eit departementet på vestkysten av Frankrike. Departementet ligg i regionen Pays-de-la-Loire, og er kalla opp etter elva Loire og Atlanterhavet.
Remove ads
Historie
Loire-Atlantique er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Bretagne. Opphavleg vart departementet kalla Loire-Inférieure, men skifta i 1957 namn til Loire-Atlantique.
Området var opphavleg ein del av Bretagne og inneheld det som mange framleis reknar som hovudstaden i Bretagne, Nantes. Departementet vart skild frå Bretagne i 1941 av Vichy-regimet, og mange vil i dag ha området tilbake til Bretagne.
Remove ads
Geografi
Departementet er i dag ein del av regionen Pays-de-la-Loire og grensar til departementa Morbihan, Ille-et-Vilaine, Maine-et-Loire og Vendée, med Atlanterhavet i vest.
Kultur
Bretonsk språk er ei viktig sak i departementet og mange støttar tospråkleg utdanning.
Bakgrunnsstoff

- Prefekturet si nettside
- Offisiell nettside
- Omfattande informasjon om Loire-Atlantique og andre departement i Pays-de-la-Loire Arkivert 2007-07-01 ved Wayback Machine.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads