Nantes
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Nantes er ein by i det vestlege Frankrike. Byen har 280 600 innbyggjarar (2004), 711 120 med forstadene. Dette gjer Nantes til den sjette største byen i Frankrike.
Remove ads
Historie

Byen blei romersk i 56 f.Kr. med namnet Portus Namnetum etter ein gallisk stamme kalla namnetes. Nantes blei kristna på 300-talet og blei i åra etter åtaka av saksarar, frankarar og normannarar. I 1066 blei Nantes del av hertugdømet Bretagne, og var i lang tid hovudstad for regionen. I 1460 blei det grunnlagt eit universitet her som eksisterte fram til til den franske revolusjon. Hertugdømet Bretagne var til tider sjølvstendig og til tider underlagt England, og kom ikkje inn under Frankrike før 1532. Området har framleis ein sterk bretonsk identitet med sitt eige språk, bretonsk.
Byen blei skild ut frå Bretagne av Vichy-regjeringa i 1941. Sidan 1971 har han vore del av regionen Pays-de-la-Loire, men mange innbyggjarar føler seg framleis kulturelt heime i Bretagne. Byen er òg préfecture (administrasjonstad) i departementet Loire-Atlantique.
I 1962 blei universitetet i Nantes grunnlagt på nytt. I 2016 hadde det cirka 38 000 studentar. Verftskrisa på 1980-talet ramma byen hardt. Tiltakt som flytting av delar av sentraladministrasjonen frå Paris og gode infrastrukturtiltak som TGV-tilknyting revitaliserte byen, og han er i dag ein av dei fremste byane i Vest-Frankrike ved sida av Bordeaux. I 2004 blei han kåreat av magasinet ''Time'' til den beste staden i Europa å bu i .[1]
Remove ads
Kjende folk frå Nantes
- Anne av Bretagne (1477-1514), fransk dronning
- Jules Verne (1828-1905), forfattar
- Aristide Briand (1862-1932), statsminister og fredsprisvinnar
Ymse
Den bretonske musikkgruppa Tri Yann heitte opphavleg Tri Yann an Naoned, som er bretonsk for «tre Janar frå Nantes».
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads