Morbihan

franske departement From Wikipedia, the free encyclopedia

Morbihan
Remove ads

Morbihan er eit departementet nordvest i Frankrike. Departementet ligg i regionen Bretagne, og er kalla opp etter ein lukka sjø langs kysten.

Meir informasjon Administrasjon, Statistikk ...
Remove ads

Historie

Morbihan er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Bretagne.

Geografi

Departementet er i dag ein del av regionen Bretagne og grensar til departementa Finistère, Côte-d'Armor, Ille-et-Vilaine og Loire-Atlantique, i tillegg til Atlanterhavet i sørvest.

Morbihanbukta har mange øyar. I følgje segna er det 365, men i røynda mellom 30 og 40 alt etter korleis dei vert telt. Det er òg mange holmar og småøyar som er for små til å byggjast på. Av desse øyane er alle bortsett frå to privateigde, enkelte av dei av filmstjerner og motedesignarar.

Utanfor bukta ligg fire busette øyar:

  • Meaban, like utanfor Port du Crouesty er eit fuglereservat der det er forbode å gå i land.
Remove ads

Demografi

Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Morbihannais.

Kultur

Bretonsk språk er ei viktig sak i departementet, og mange krev tospråkleg utdanning.

Turisme

Steinblokkene i Carnac ligg i Morbihan.

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Morbihan


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads