Long Distance Voyager
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Long Distance Voyager er det tiande albumet til det britiske rockebandet The Moody Blues, utgjeve i mai 1981.[1] på selskapet til gruppa, Threshold. Det var det første albumet til bandet med klaverspelaren Patrick Moraz, som erstatta Mike Pinder, som forlet bandet under innspelinga av Octave i 1978.
Då albumet kom ut i 1981 gjekk det heilt til topps i USA og inneheldt hitsinglane «Gemini Dream» (12. plassen i USA) og «The Voice» (15. plassen i USA). Albumet nådde sjuandeplass i Storbritannia.
I november 2008 vart albumet nymastra og gjeven ut på CD med eitt bonusspor.
Remove ads
Oversyn
Songane på Long Distance Voyager vart spelte inn i bandet sitt eige studio, Threshold Studios. Songane vart spelte in og miksa av Greg Jackman, medan Pip Williams var produsent. I tillegg til sjølve bandet - Justin Hayward, John Lodge, Ray Thomas, Graeme Edge og Patrick Moraz — nytta dei strykarar framført av The New World Philharmonic, som Pip Williams arrangerte.[4]
Long Distance Voyager er berre dels eit konseptalbum, sidan berre halvparten av songane omhandlar "reisa" tittelen syner til. Dei siste tre spora utgjer ein mini-suite.
Plateomslaget var eit måleri frå Arts Union Glasgow.[4] NASA-sonden Voyager er øvst på framsida av plateomslaget. Både Voyager 1 og Voyager 2 var i avisene på den tida då dei flydde forbi Saturn i 1980-81.
Remove ads
Innhald
Remove ads
Medverkande
- Justin Hayward – vokalar, gitarar
- John Lodge – vokal, bass
- Ray Thomas – vokal, fløyter, munnspel
- Graeme Edge – trommer
- Patrick Moraz – tangentinstrument
- B.J. Cole – pedal steel gitar på «In My World»
- Pip Williams – produsent, strykearrangement
- The New World Philharmonic – strykeseksjon
Lister
Album
Singlar
Remove ads
Salstrofé
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads