Octave

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Octave er det niande albumet til The Moody Blues, og det første albumet etter ein lengre pause etter Seventh Sojourn i 1972. Albumet kom ut i 1978. Albumet var det siste med tangentspelaren Mike Pinder, som forlet gruppa under innspelinga, og ikkje ønskte å turnere med bandet. Pinder hadde nettopp slått seg ned i California med familien sin, og meinte at han ikkje gjekk så godt i lag med bandkameratane lenger. Justin Hayward og John Lodge måtte derfor spele dei gjenverande tangent-delane sjølve, og Pinder vart erstatta av den tidlegare Yes-keyboardisten Patrick Moraz for turneen deira i 1979.

Meir informasjon The Moody Blues-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Octave vart rekna som stilmessig annleis enn dei førre Moody Blues-albuma, hovudsakleg fordi dei nytta lounge-liknande orgel og synthesizerar i staden for mellotron og chamberlin. Verkelege strykarar vart nytta på tre songar.

Etter ein lengre pause, kom Octave ut då punk og disco hadde starta, og albumet selde ikkje like bra som føregåande album av bandet, men nådde likevel sjetteplassen i Storbritannia og selde til platina i USA, der det nådde 13. plass. Albumet inneheldt hitsingelen «Steppin' in a Slide Zone», som nådde 39. plass i USA, i tillegg til «Driftwood», som hadde mindre suksess.

I november 2008 vart albumet nymastra og gjeve ut på CD med fem konsertopptak som bonusspor.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Bonusspor

  1. "Steppin' in a Slide Zone (Live In Seattle 25 mai 1979)" (Lodge) - 4:57
  2. "I'm Your Man (Live In Seattle 25 mai 1979)" (Thomas) - 4:51
  3. "Top Rank Suite (Live In Seattle 25 mai 1979)" (Hayward) - 4:28
  4. "Driftwood (Live In Seattle 25 mai 1979)" (Hayward) - 5:02
  5. "The Day We Meet Again (Live In Houston 12/07/78)" (Hayward) - 7:16

Medverkande

  • Justin Hayward - vokal, gitar, tangentinstrument
  • John Lodge - vokal, bass, tangentinstrument
  • Ray Thomas - vokal, fløyte, munnspel, tamburin
  • Graeme Edge - trommer, perkusjon, vokal
  • Mike Pinder - vokal, organ, synthesiser

Andre medverkande

  • R.A. Martin - horn, saksofonar

Salslister

Album-Billboard (USA)

Meir informasjon År, Liste ...

Singlar - Billboard (USA)

Meir informasjon År, Singel ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads