Look Through Any Window

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Look Through Any Window» er ein song av den britiske beatgruppa The Hollies. Det vart den første singelen deira som gjekk inn på den amerikanske Billboard Topp 40-lista og nådde 32. plassen den 22. januar 1966. Han nådde fjerdeplassen i heimlandet og i Canada nådde han tredjeplassen på RPM-lista. Songen var skriven av Graham Gouldman og Charles Silverman, med eit 12-strengsgitarriff, høgtflygande harmoniar og Bobby Elliott si eksplosive tromming. Dei spelte òg inn ein versjon på fransk (kalla «Regardez par des fenêtres») som ikkje vart offisielt gjeven ut då, men som kom med på samleplata Rarities i 1988.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Songen vart først gjeven ut på singel i Storbritannia og så på den amerikanske versjonen av albumet Hollies i 1965, som i USA heitte Hear! Here!.

B-sida, «So Lonely», kom seinare ut på Hollies og Hear! Here!, og vart spelt inn av The Everly Brothers og gjeven ut i juli 1966 på albumet deira Two Yanks in England.

Remove ads

Andre versjonar

  • Ein versjon vart seinare spelt inn av den amerikanske gruppa Gary Lewis & the Playboys i 1966 for albumet Hits Again!.
  • Det serbiske beatbandet Elipse spelte inn ein versjon kalla Pogledaj kroz prozor i 1966 på serbisk.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads