Loop av Sarah Bonnici
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Loop» er ein song frå 2024 med den maltesiske artisten Sarah Bonnici[3]. Songen vann songtevlinga Malta Eurovision Song Contest 2024 og var det maltesiske bidraget i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö i Sverige.
Remove ads
Om songen
«Loop» er skriven av Sarah Bonnici[4], saman med John Emil Johansson, Kevin Lee, Joy Deb, Leire Gotxi Angel, Linnea Deb, Matthew James Borg, Michael Joe Cini og Sebastian Pritchard-James. I tillegg har Ale Zabala bidrege i produseringa av låten.[5]
Songen blei skriven i 2023 og send inn til den maltesiske songtevlinga Malta Eurovision Song Contest 2024, der vinnaren fekk representere landet i Eurovision Song Contest 2024.[6]
Remove ads
Eurovision Song Contest
I oktober 2023 blei Sarah Bonnici stadfesta som ein av 40 deltakarar i songtevlinga Malta Eurovision Song Contest 2024.[7] I finalen laurdag 3. februar 2024 vant ho tevlinga med songen «Loop».[8] Som vinnar blei songen det maltesiske bidraget til Eurovision Song Contest 2024 i Malmö.[9]
«Loop» deltok i den andre semifinalen torsdag 9. mai 2024. Der enda han på sisteplass og kvalifiserte seg ikkje til finalen laurdag 11. mai.[10]
Remove ads
Listeplasseringar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads