Lou Gramm

amerikansk songar From Wikipedia, the free encyclopedia

Lou Gramm
Remove ads

Lou Gramm (fødd 2. mai 1950) er ein USA-amerikansk rockesongar og låtskrivar, mest kjend som opphavleg songar i rockebandet Foreigner. Etter å ha blitt kjend i Foreigner, hadde Lou Gramm òg ein suksessrik solokarriere i 1980-åra.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Biografi

Gramm var første trommeslagar i bandet Black Sheep, men tok over på solovokal før gruppa gav ut det sjølvoppkalla albumet sitt i 1975 på Capitol Records. Verken dette albumet eller oppfølgjaren, Encouraging Words, selde særleg godt, men det fanga merksemda til gitaristen Mick Jones, som var mest kjend for ein periode i bandet Spooky Tooth. Jones henta kort tid etter Gramm til den nye gruppa si, Foreigner, og i lag byrja dei å skrive songar, mellom andre «Cold as Ice» frå et bestseljande og sjølvoppkalla debutalbumet frå 1977. Den mektige og særeigne røysta til Gramm var å høyre på ei rekkje hittar for Foreigner dei neste åra, som «Hot Blooded», «Double Vision», «Urgent», og «Waiting for a Girl Like You». Hittane kulminerte i 1984 med den populære powerballaden «I Want to Know What Love Is», som gjekk til topps i Amerika, Noreg, Sverige, New Zealand og Storbritannia.

Då Foreigner tok ein kort pause, lanserte Gramm solokarrieren sin i 1987 med albumet Ready or Not og fekk ein stor hit med «Midnight Blue». Foreigner kom saman att og spelte inn nok ein bestseljar, Inside Information, medan Gramm fortsette solokarrieren sin i 1989 med Long Hard Look og slutta etter kort tid for å skipe sitt eige band, Shadow King. Dei gav ut eit sjølvoppkalla debutalbum i 1991 på Virgin Records. Shadow King vart kortvarig og i 1994 kom Gramm og Jones saman att i Foreigner og gav ut Mr. Moonlight.

Mot slutten av tiåret fekk Gramm påvist ein hjernesvulst og måtte operere. Etter eit år med rehabilitering og strålebehandling vart songaren heilt frisk att og kunne fortsette å turnere i 1999. Han gav seg i Foreigner igjen i 2003 og fokuserte i staden på solokarrieren.

Remove ads

Diskografi

Soloalbum

Meir informasjon Tittel, Detaljar ...

Solosinglar

Meir informasjon År, Song ...

med Black Sheep

  • 1974 Stick Around/Cruisin (For Your Love) 45 single.
  • 1975: Black Sheep
  • 1975: Encouraging Words

med Foreigner

For meir om dette emnet, sjå Foreigner.

med Poor Heart

  • 1988: Foreigner in a Strange Land
  • 1993: The Best of the Early Years

(Note: These are actually releases of much older recordings.)

med Shadow King

  • 1991: Shadow King

med Liberty N' Justice

  • 2004: Welcome To The Revolution
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads