I Want to Know What Love Is
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«I Want to Know What Love Is» er ein powerballade[2] av det britisk-amerikanske rockebandet Foreigner. Han kom ut på singel i november 1984 som den første singelen frå det femte albumet deira, Agent Provocateur. Songen gjekk til topps både i Storbritannia og USA og vart den største hitten deira. Det er òg den best kjende songen deira. «I Want to Know What Love Is» er òg kritikarrost og vart oppført på 479. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.[3] Songen er blitt nytta i ei rekkje filmar.
Remove ads
Songinformasjon
Songen var skriven og komponert av Mick Jones, med ein ikkje-kreditert del (ein stad mellom 5 % i følgje Jones og 40 % i følgje Gramm) av Lou Gramm, og produsert av Jones og Alex Sadkin. «I Want to Know What Love Is» var den første singelen frå Foreigner-albumet Agent Provocateur (1984).[4][5] The New Jersey Mass Choir frå Gospel Music Workshop of America, Dreamgirls-stjerna Jennifer Holliday, og klaverinstrumentalisten Tom Bailey frå Thompson Twins syng og spelar alle på songen.[6] Koret er òg med i musikkvideoen til songen.
«I Want to Know What Love Is» gjekk til topps på UK Singles Chart den 15. januar 1985, og skyvde ned Band Aid-songen «Do They Know It's Christmas?». Han låg tre veker på toppen. Songen gjekk òg til topps på Billboard Hot 100 i USA. Det var den første og einaste førsteplassen til Foreigner i begge desse landa. Songen gjekk òg til topps på Mainstream Rock og Adult Contemporary-listene i USA, og han gjekk til topps på singellistene i Australia, Canada, Irland, New Zealand, Noreg og Sverige, og nådde andreplassen i Sveits og Sør-Afrika.
Songen fekk positive meldingar får kritikarane, og Bret Adams i AllMusic skreiv: «Det er ikkje vanskeleg å sjå kvifor songen gjekk til topps for Foreigner. Den draumande, hypnotiske kjensla kjem dels frå den sjelfulle vokalen til Lou Gramm og korvokalen til New Jersey Mass Choir.»[4]
Songen vart òg gjeven ut på 12"-singel med ei lengd på 6:23. Denne versjonen har ein noko lengre intro og ein lengre avslutning. B-sida til singelen var «Street Thunder (Marathon Theme)» og er ein instrumental, opphavleg gjeven ut på The Official Music of the XXIII Olympiad – Los Angeles 1984.
Kort tid etter at Foreigner-singelen toppa listene, gav The New Jersey Mass Choir ut sin eigen, liknande versjon av songen på eit album kalla I Want to Know What Love Is. Denne versjonen nådde 37. plassen på Hot R&B/Hip-Hop Songs-lista og 12. plassen på Hot Dance Music/Maxi-Singles Sales-lista.
Foreigner-songen vart rangert av Billboard på fjerdeplassen på Billboard Hot 100 for 1985.[7] Det var den tredje singelen til bandet som selde til platinaplate i USA[8] og den første og einaste gullplata deira i Storbritannia.[9]
Remove ads
Salslister og salstrofé
Remove ads
Medverkande
- Lou Gramm – solovokal
- Mick Jones – klaverinstrument, synthesizer, korvokal
- Rick Wills – bass, korvokal
- Dennis Elliott – trommer
Gjestemusikarar
- Tom Bailey – synthesizer
- Don Harper – korvokal
- Jennifer Holliday – korvokal og arrangement
- New Jersey Mass Choir of the GMWA – korvokal
Tina Arena-versjonen
«I Want to Know What Love Is» vart spelt av den australske songaren Tina Arena og gjeven ut på singel i 1998 frå albumet In Deep. Arena-versjonen av songen var produsert av Foreigner-medlemmet Mick Jones, som skreiv snogen. Denne versjonen inneheld eit mellomspel som ikkje tidlegare var spelt inn mellom det andre og tredje refrenget, skriven spesifikt for Tina Arena av Mick Jones.
Salslister
Remove ads
Wynonna Judd-versjonen
«I Want to Know What Love Is» vart spelt av den amerikanske countrysongaren Wynonna Judd og gjeven ut 24. august 2004 frå albumet hennar What the World Needs Now Is Love som den fjerde singelen frå albumet. Versjone nhennar var produsert av Narada Michael Walden, kjend for arbeidet sitt med Mariah Carey, Whitney Houston, Diana Ross, Aretha Franklin og George Michael.
Salslister
Remove ads
Mariah Carey-versjonen
«I Want to Know What Love Is» vart spelt av den amerikanske songaren Mariah Carey og gjeven ut som den andre singelen frå det tolvte albumet hennar, Memoirs of an Imperfect Angel (2009).[64] Singelen var produsert av Carey, C. «Tricky» Stewart og James «Big Jim» Wright
Carey filma ein musikkvideo for songen i New York City, regissert av Hype Williams.[65]
Salslister
Årslister
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads