Lou Reed Live
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Lou Reed Live er eit konsertalbum av Lou Reed, gjeven ut i 1975. Det vart spelt inn på same konserten som Rock 'n' Roll Animal den 21. desember 1973,i Howard Stein's Academy of Music i New York. Det inneheld tre songar frå Transformer, ein song frå The Velvet Underground & Nico og to songar frå Berlin. Desse to albuma inneheld heile konserten, sjølv om rekkefølgja på songane er annleis.
I 2003 gav BMG Special Music Products ut dette albumet som ein del av «Extended Versions»-serien deira. Tittelen vart endra for å syne dette, men innhaldet var det same.
Denne konsertplata har ein annan stereomiks enn motparten og gitarist Dick Wagner er å høyre i den venstre kanalen, medan Steve Hunter er i den høgre. Dette er motsett på Rock 'n' Roll Animal.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Lou Reed
Medverkande
- Lou Reed — vokal
- Ray Colcord — tangentinstrument
- Pentti Glan — trommer, perkusjon
- Steve Hunter — gitar
- Prakash John — bass
- Dick Wagner — gitar
- Rob Hegel - korvokal på «Sad Song»
- Teknisk
- Gus Mossler - lydteknikar
- Bruce Somerfeld, George Semkiw - produksjonsassistentar
- Oliviero Toscani - fotografi
Salslister
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads