Lough Derg
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Lough Derg (Loch Deirgeirt på irsk) er den nest største innsjøen i Republikken Irland (etter Lough Corrib), og den tredje største på heile Irland (etter Lough Neagh). Han er ein lang og relativt smal innsjø med bredder i grevskapa North Tipperary (i aust), Galway (nordvest) og Clare (sørvest). Innsjøen er den siste av tre innsjøar som elva Shannon renn gjennom. Dei to andre, Lough Ree og Lough Allen, ligg lenger nord. Nokre av landsbyar langs Lough Derg er mellom anna Garrykennedy, Portumna, Killaloe og Ballina, Dromineer, Terryglass og Mountshannon.
- For innsjøen i County Donegal, sjå Lough Derg i Donegal.
På det djupaste er innsjøen 36 meter[1] og dekkjer eit areal på 118 km². Innsjøen er ein populær stad for båtturar, segling og fiske. Der Shannon renn vidare frå Lough Derg renn ho bratt nedover ein ås, og her vart vasskraftverket Ardnacrusha bygd i 1927, som på den tida var det tiande største i verda.
På 1800-talet var Lough Derg ei viktig transportåre frå hamna ved Limerick til Dublin gjennom kanalar sentralt i Irland. Universitet i Limerick har eit aktivitetssenter ved innsjøen, like utanfor Killaloe.
Remove ads
Landsbyar og mindre byar
- Ballina
- Dromineer
- Garrykennedy
- Kilgarvan
- Killaloe
- Mountshannon
- Portumna
- Scarriff
- Terryglass
- Whitegate
- Portroe
Sjå òg
- Innsjøar på Irland
- Lough Derg i Donegal, ein annan irsk innsjø med same namn.
Kjelde
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads