Lowdown av Chicago

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Lowdown» er ein song skriven av Peter Cetera og Danny Seraphine for rockebandet Chicago og spelt inn for det tredje albumet deira, Chicago III (1971). Det var den andre singelen deira frå dette albumet, og nådde 35. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100.[1]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Cetera syng solovokal, medan gitarist Terry Kath brukar ein fuzzbox og wah-wah-pedal på gitarsoloen. Robert Lamm spelar Hammondorgel. Det vart spelt inn ein japanskspråkleg versjon av songen i 1972 for den japanske marknaden, der han vart gjeven ut på singel. Han vart berre gjeve ut digitalt på den japanske samleplata The Heart Of Chicago 1967-1971 Volume II Special Edition (grønt omslag), som òg inneheld «Questions 67 And 68» sungen på japansk.

Gruppa framførte songen på konsert med japansk tekst på turneane i Japan i 1972. Dette kan ein høyre på Live In Japan.

Remove ads

Medverkande

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads