Lugo

From Wikipedia, the free encyclopedia

Lugo
Remove ads

Lugo er ein by nordvest i Spania i den autonome regionen Galicia. Han er provinshovudstaden i provinsen Lugo.[1] Kommunen har kring 95 000 innbyggjarar og er den fjerde største i Galicia.

Kjappe fakta Land, Region ...

Lugo er den einaste byen i verda som er omgjeven av intakte bymurar frå romartida. Murane blei bygd på 200-talet, og er i dag rekna som ein verdsarvstad av UNESCO.[2]

Remove ads

Historie

Thumb
Renessansetårnet og apsisen på Lugo-katedralen.

Byen vart truleg grunnlag av keltarar. Seinare vart han erobra av Paulus Fabius Maximus og kalla Lucus Augusti i 13 f.Kr. ved ein romersk militærleir. Byen høyrte til den romerske provinsen Hispania Tarraconensis og var hovudbyen til caporane. Sjølv om han vart liten var han den viktigaste romerske byen i det som vart Gallaecia i romartida, setet for ein conventus, og ein av tre slike i Gallaecia. Seinare var han ein av to hovudstader i Gallaecia og gav namn til Callaïci Lucenses. Han låg midt i eit stort gullgruveområde, som i romartida var særs aktivt.

Thumb
Baksida av Lugo-katedralen.

Lucus vart sete for ein biskop seint på 400-talet og var eit administrativt senter for suebane og vestgotarane, før han kom i forfall. Midt på 700-talet vart byen forlaten. På 900-talet vart det gjort forsøk på å gjenoppbygge byen. Den noverande domkyrkja i Lugo vart bygd på 1100-talet.[1] Lugo med domkyrkja si vart eit valfartsmål lik Santiago de Compostela.

Med opprettinga av Lugo-provinsen i 1833 fekk Lugo klart større tyding enn jamstore byar i nærleiken, som Mondoñedo og Ribadeo. Utviklinga fortsette då jernbanen kom til byen i 1875. På 1970-talet gjekk byen gjennom utvikling som skipinga av industriområdet Ceao i 1979, og ein totalrenovasjon av bymurane. I 2000 blei dei romerske murane utropt til verdsarv av UNESCO.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads