Luzhou
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Luzhou er eit byprefektur aust i provinsen Sichuan i det vestlege Kina. Byprefekturet har eit areal på 12 247 km², folketalet i prefekturet vart i 2004 berekna til 4,8 millionar. Innanfor bygrensene budde 1,4 millionar menneske i 2004. Byen Luzhou ligg i åmotet mellom elvane Chang Jiang og Tuo Jiang.
Byprefekturet Luzhou omfattar tre distrikt (区 qū) og fire fylke (县 xiàn).
Luzhou har alltid vore eit senter for næringslivet i grenseområda Sichuan, Yunnan og Guizhou. Mat, drikkevarer, produksjon av kjemikaliar, samt bygging av maskinar og ulike typar utstyr er dei viktigaste næringsgreinene for den lokale økonomien.
Det gamle spritbrenneriet i Luzhou (Luzhou daqu laojiaochi, 泸州大曲老窖池) vart i 1996 teke med i Folkerepublikken Kinas liste over kulturminne.
Remove ads
Kinas riksveg 321 går gjennom området. Han fører frå Guangzhou i provinsen Guangdong via mellom anna Wenzhou og Guilin til Chengdu, hovudstaden i Sichuan.
Bakgrunnsstoff
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Luzhou» frå Wikipedia på bokmål, den 1. april 2011.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads