Lykken er

song frå 1971 med Hanne Krogh From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Lykken er» er ein song av Hanne Krogh frå 1971. Songen er skriven av Arne Bendiksen.

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...

Eurovision

Melodi Grand Prix 1971

«Lykken er» deltok i Melodi Grand Prix 1971, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1971 i Dublin i Irland. Songen vart framført på norsk av Hanne Krogh, og vann med 52 poeng.[1][2]

Eurovision Song Contest 1971

Kjappe fakta Eurovision Song Contest 1971, Resultat ...

Etter sigeren i Melodi Grand Prix 1971 fekk «Lykken er» representere Noreg i Eurovision Song Contest 1971. Kirsti Sparboe framførte songen på norsk, og enda på 17. plass med 65 poeng; sju frå Storbritannia og Irland, seks frå Monaco og Belgia, fem frå Frankrike og Portugal, fire frå Sveits og Jugoslavia, tre frå Austerrike, Malta og Finland og to frå Vest-Tyskland, Spania, Luxembourg, Italia, Sverige og Nederland. Trass den låge plasseringa, neste sisteplass, fekk bidraget ein relativt høg poengsum. Denne var på grunn av eit nytt poengsystem som gjorde at alle bidraga var garantert å få 34 poeng av di kvart land vart sett saman av ein jury på to personar som måtte gje mellom eitt og fem poeng kvar til kvart land. Arne Bendiksen var dirigent.

Remove ads

Fotnotar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads