Lyngdal kommune

kommune i Agder fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia

Lyngdal kommunemap
Remove ads

Lyngdal er ein kommune sør i Agder fylke. Offisielt fekk kommunen bystatus den 1. januar 2001. Lyngdal strekkjer seg frå kysten og langt innover i landet. Han grensar til Farsund, Kvinesdal og Hægebostad i vest, Åseral og Evje og Hornnes i nord og Lindesnes i aust. Kommunen har tre fjordar, Rosfjorden (som har høgt saltinnhald og sjeldan frys), Lyngdalsfjorden og Grønsfjorden, som innanfor Jåsund heiter Lenefjorden. Høgaste punkt er Kalåsknipa, som på toppen er 506 moh. Kommunen vart slegen saman med Austad, Kvås og delar av Spangereid (vest for Lenefjorden) i 1963. Den 1. januar 2020 slog Lyngdal og Audnedal kommunar seg saman under namnet Lyngdal kommune.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Kommunen har namn etter elva Lygna, som renn gjennom kommunen. Namnet Lyngdal tyder 'Lygna-dalen'. Viktig innan næringslivet er treforedling, jordbruk og handel. Turisme er òg sentralt, med strendene i Kvavik og Rosfjord.

Remove ads

Tettstader

Lyngdølar, folk frå Lyngdal

Remove ads

Bakgrunnsstoff

58°8′17.8″N 7°4′6.1″E


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads